13. mai 2010

13/05

ein kopp kakao med kanel i. dei to siste dagane har eg prøvd og prøvd å lesa. nokre gonger har eg lese i feil bok. og så har eg laga skisser av det framtidige rommet mitt. og så har eg laga liste med ting eg har lyst på som eg absolutt ikkje skal kjøpa i år (med eit par ting på botnen som eg fær lov til å kjøpa.) så har eg sortert bokmerka mine på firefox. sprunge ute. sjekka når eg kan ta toget heim. kjøpt mummi-dåpsgåve.

ein ting er fin, og det er at eg ikkje har eksamensnervar.

7. mai 2010

07/05

oppturar og nedturar. idag fekk me oss hus for høsten! og nett no hoppa hjarta mitt for niande gong. eg fann just eit klipp med 'boy lilikoi' og fine tarkovskij-scener. hjartebrus.

2. mai 2010

02/05

eta elleve små oreos-pakningar. sitte lenkja til senga for å lesa "the lovely bones". drikka te. gå forbi borna som sit på museet og ét iskrem. eta eple med vaniljekesam. sakne heimen (på ein god måte). prøve å skriva eit dikt. ta på rouge. skriva ned ni ting eg kan gjera viss eg ikkje veit kva eg skal gjera. høyre på roa. ta han til meg. sundag.

29. april 2010

29/04

vår! vår og skjørtedagar. og fin liten kinesarnabo som heng hjartekort på døra mi med fine teikningar i. (så eg teipa ein sjokolade på døra hennar.)

inatt dansa eg til dei sa eg måtte slutte og ljoset gjekk av. meir på fredag. imorra skal russebuksa på igjen. (hei sveis, lenge sidan sist!) på laurdag vil eg baka bollar til frukost. men nett no har eg har berre lyst til å dansa.

26. april 2010

26/04

ah, det er så godt å endeleg trena igjen. særleg når fine solveig-stråla vil vera med. ho har frekner om vinteren, til og med. så fin er ho. igår så me barfuss, ein fin tysk film. mann forelskar seg i kvinne frå galehus, som følgde etter han og nektar å forlate han. ho går ikkje med sko og har aldri køyrt buss før.

eg er ferdig med alt som heiter å vera litt forelska, og er glad for å berre leva nett no. veldig glad. medan eg er glad, syng eg på acapella, fordi ho kelis er så fin med fjør i håret.

15. april 2010

15/4

prøve alle kleda. rydda rommet. inga plagg passar. og det vert ikkje ryddigare. fordi eg må rydda opp inni meg. kjenne at eg passar i meg sjølv. fyrst då kjem eg til å setja meg ned, smila, ta opp ei bok, pusta ut og høyre havet. sjølv om det er langt borte.

9. april 2010

09/04

våren er her. og eg har sommarfuglar i magen.